Klubbhandbok
Innhald
Klubbhandbok ……………………………………………………………………………………………………………………….. 1
Klubbens visjon og mål ………………………………………………………………………………………………………… 2
Visjon …………………………………………………………………………………………………………………………….. 2
Mål ………………………………………………………………………………………………………………………………… 2
Klubbens verdigrunnlag ……………………………………………………………………………………………………….. 2
Klubbens lover ……………………………………………………………………………………………………………………. 2
I. INNLEIANDE REGLAR …………………………………………………………………………………………………….. 3
II. TILLITSVALTE OG TILSETTE …………………………………………………………………………………………….. 4
III. ØKONOMI ………………………………………………………………………………………………………………….. 7
IV. ÅRSMØTE, STYRE, UTVAL MV. ………………………………………………………………………………………. 8
V. ANDRE REGLAR ………………………………………………………………………………………………………….. 12
Klubbens organisering ……………………………………………………………………………………………………….. 13
Lagets organisering……………………………………………………………………………………………………………. 13
Styret …………………………………………………………………………………………………………………………… 13
Styrets viktigste oppgaver ………………………………………………………………………………………………. 13
Øvrige roller og skildringar ……………………………………………………………………………………………… 13
Dagleg leiar …………………………………………………………………………………………………………………… 14
Sportsleg utval ………………………………………………………………………………………………………………. 16
Trenarhandsamar ………………………………………………………………………………………………………….. 16
Materialforvaltar …………………………………………………………………………………………………………… 16
Kioskansvarlig ……………………………………………………………………………………………………………….. 17
Oppstartsansvarleg: ………………………………………………………………………………………………………. 17
Dommarkoordinator: …………………………………………………………………………………………………….. 17
FIKS-ansvarlig:……………………………………………………………………………………………………………….. 17
Ansvarleg for politiattester: ……………………………………………………………………………………………. 18
Kvalitetsklubbansvarleg ………………………………………………………………………………………………….. 18
Fair play-ansvarleg …………………………………………………………………………………………………………. 18
Sommarland Cup …………………………………………………………………………………………………………… 19
Telenor Xtra/FFO …………………………………………………………………………………………………………… 19
Tine fotballskule ……………………………………………………………………………………………………………. 19
ORGANISERING AV ØKONOMIARBEID I KLUBBEN …………………………………………………………………….. 19
INNLEIING ……………………………………………………………………………………………………………………………. 19
ØKONOMISKE PRINSIPP …………………………………………………………………………………………………….. 19
ÅRSMØTET ……………………………………………………………………………………………………………………….. 20
ØKONOMIANSVARLIG ……………………………………………………………………………………………………….. 20
ØKONOMIUTVAL ………………………………………………………………………………………………………………. 20
RUTINER FOR ØKONOMISTYRING …………………………………………………………………………………………… 20
BUDSJETT …………………………………………………………………………………………………………………………. 20
REGNSKAP ……………………………………………………………………………………………………………………….. 20
LØPENDE ØKONOMISTYRING ……………………………………………………………………………………………… 21
KONTANTHÅNDTERING ……………………………………………………………………………………………………… 21
BRUK AV BANKKONTO ……………………………………………………………………………………………………….. 21
REGNINGSBETALING ………………………………………………………………………………………………………….. 21
BILGODTGjERING / REISEREGNING ……………………………………………………………………………………… 21
INNKREVING …………………………………………………………………………………………………………………….. 21
LAGSKASSE ……………………………………………………………………………………………………………………….. 22
Kommunikasjon ………………………………………………………………………………………………………………… 22
Trenerforum/møter ……………………………………………………………………………………………………….. 22
Foreldremøter ………………………………………………………………………………………………………………. 22
Klubbens heimeside ………………………………………………………………………………………………………. 22
Treningsøkta.no …………………………………………………………………………………………………………….. 22
Årsmelding frå laga ………………………………………………………………………………………………………… 22
Rekrutteringsplan ……………………………………………………………………………………………………………… 22
Utdanning/Kompetanse …………………………………………………………………………………………………….. 23
Klubbens visjon og mål
Visjon
Fotball e moro – bli med kånn!
Mål
Me skal vere flest i Telemark, og me skal ha det moro!
Klubbens verdigrunnlag
Klubbens lover
LOV FOR IDRETTSLAGET SKARPHEDIN, STIFTA 31. JANUAR 1891
Lova er vedtatt på ekstraordinært årsmøte 25. april 2016 og godkjent av Norges Idrettsforbund i brev
av xx.xx.2016.
I. INNLEIANDE REGLAR
§ 1. Føremål
1. Føremålet til idrettslaget er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og
paralympiske komité (NIF).
2. Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet
skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.
§ 2. Organisasjon
1. IL Skarphedin er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemmar.
2. IL Skarphedin er medlem av dei særforbund som årsmøtet i laget vedtek.
3. IL Skarphedin er medlem av NIF gjennom Telemark idrettskrets, høyrer heime i Bø kommune, og er
medlem av Bø idrettsråd.
4. IL Skarphedin skal følgje NIF og tilslutta organisasjonsledd sine regelverk og vedtak. NIF sitt
regelverk gjeld for idrettslaget uavhengig av kva som står i idrettslagets eiga lov.
§ 3. Medlemmar
1. For at ein person skal takast opp i IL Skarphedin må denne:
a) akseptere å overhalde IL Skarphedin og overordna organisasjonsledd sine regelverk og vedtak.
b) ha gjort opp eventuelle økonomiske forpliktingar til IL Skarphedin og andre organisasjonsledd i
NIF.
2. Ved innmelding skal det gjevast opp fullt namn, fødselsdato/år og fullstendig adresse.
3. Styret i IL Skarphedin kan i særlege tilfelle nekte ein person medlemskap. Før vedtak vert fatta, skal
personen gjerast kjent med bakgrunnen for saka og får ein frist på to veker til å uttale seg. Vedtaket
skal vere skriftleg og grunngjeve, og informere om høve til å klage. Vedtaket kan klagast på til
idrettskretsen innan tre veker etter at det er motteke. Klagen skal sendast til styret i IL Skarphedin,
som eventuelt kan omgjere vedtaket. Om vedtaket står ved lag, skal klagen sendast til idrettskretsen
innan to veker.
4. Medlemskap i IL Skarphedin er først gyldig og reknast frå den dagen medlemskontingenten er
betalt.
5. Medlemmet pliktar å halde NIF, tilslutta organisasjonsledd og IL Skarphedin sine regelverk og
vedtak.
6. Utmelding skal skje skriftleg og får verknad når utmeldinga er mottatt.
7. IL Skarphedin kan ta medlemskapet frå eit medlem som etter purring ikkje betalar fastsett
medlemskontingent. Medlem som skylder kontingent for to år taper automatisk sitt medlemskap i IL
Skarphedin og skal strykast frå lagets medlemsliste.
8. Medlem som har tapt sitt medlemskap kan ikkje takast opp igjen før skuldig kontingent er betalt.
9. Styret i IL Skarphedin kan i særlege tilfelle fråta eit medlem medlemskapet for ein periode på inntil
eitt år. Før vedtak vert fatta, skal vedkomande gjerast kjent med bakgrunnen for saka og få ein frist
på to veker til å uttale seg. Vedtaket skal vere skriftleg og grunngjeve, og informere om høve til å
klage.
10. Ved tap av medlemskap kan den saka gjeld krevje at vedtaket handsamast av ordinært/
ekstraordinært årsmøte, og har rett til å vere til stade ved årsmøtet si handsaming av saka. Kravet må
setjast fram innan ei veke etter at vedtaket er motteke, og årsmøtet må deretter haldast innan ein
månad.
11. Ved tap av medlemskap kan vedtaket til IL Skarphedin klagast på til idrettskretsen innan tre veker
etter at vedtaket er motteke. Klagen skal sendast til IL Skarphedin sitt styre, som eventuelt kan gjere
om vedtaket dersom det er fatta av styret sjølv. Opprettheld styret vedtaket , skal klagen sendast til
idrettskretsen innan to veker. IL Skarphedin sitt vedtak trer ikkje i kraft før klagefristen er gått ut,
eventuelt når klagesaka er avgjort.
12. IL Skarphedin skal føre elektroniske medlemslister i idretten sine nasjonale medlemsregister i
tråd med forskrift gitt av Idrettsstyret.
§ 4 Medlemskontingent og avgifter
Medlemskontingenten blir fastsett av årsmøtet. Andre avgifter/eigendelar kan krevjast for deltaking i
IL Skarphedin sitt aktivitetstilbod.
II. TILLITSVALTE OG TILSETTE
§ 5 Kjønnsfordeling
1. Ved val/oppnemning av styre, råd, utval/komité mv. og ved representasjon til årsmøte/ting i
overordna organisasjonsledd, skal begge kjønn vere representert. Samansetjinga skal samsvare i
høve til kjønnsfordelinga i medlemsmassen, likevel slik at ved val/oppnemning av meir enn tre
personar, skal det veljast/oppnemnast minst to personar frå kvart kjønn. Regelen gjeld og der det blir
valt meir enn eitt varamedlem. Tilsette sin representant tel ikkje med ved utrekning av
kjønnsfordelinga.
2. Ved val/oppnemning til styre, råd, utval/komité mv. i strid med regelen, skal styret innan ein
månad etter årsmøtet sende ut innkalling til ekstraordinært årsmøte der nytt val vert gjort.
Eksisterande medlemar i det aktuelle styret, komitéen mv. vert sitjande til nytt styre, komité mv. er
valt/oppnemnt.
3. Idrettskretsen kan påleggje idrettslaget å oppfylle regelen, m.a. med innkalling til nytt årsmøte
eller foreta ny oppnemning.
4. Idrettskretsen kan, når det ligg føre særlege tilfelle, gje dispensasjon frå denne regelen. Det skal så
langt det er mogleg søkjast om dispensasjon i forkant. Søknad om dispensasjon må vere sendt til
idrettskretsen innan 14 dagar etter årsmøtet. Det er berre mogleg å gje dispensasjon for ein
valperiode/oppnemning kvar gong.
§ 6 Generelle reglar om røysterett, kven som kan veljast, forslagsrett m.v.
1. For å ha røysterett og kunne veljast må ein vere fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein
månad og ha oppfylt medlemskrava. , jf. § 3. Det same gjeld der ein person skal oppnemnast som
representant til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd. Ingen kan møte eller stemme ved
fullmakt, jf. § 16.
2. Eit medlem som er arbeidstakar i eller har oppdragsavtale med IL Skarphedin, jf. § 7 (3), har ikkje
stemmerett på IL Skarphedin sitt årsmøte. Dette gjeld ikkje for spelar/utøvar med kontrakt og
medlemskap i IL Skarphedin.
3. Ein person kan ikkje samtidig ha meir enn eit av følgjande verv i idrettslaget: medlem av
hovudstyret, valkomité, kontrollkomité, lovutval, revisor.
4. Ein person kan ikkje ha tillitsverv knytt til same idrett i fleire idrettslag som deltek i same
konkurranse.
5. Forslagsrett:
a) Eit medlem har forslagsrett til og på årsmøtet i IL Skarphedin.
b) Hovudstyret har forslagsrett til og på årsmøtet i IL Skarphedin.
c) Eit idrettslag har forslagsrett til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd, og laget sin(e)
representant(ar) har forslagsrett på dette årsmøtet/tinget.
d) Ein komité/utval har forslagsrett til årsmøtet i saker som ligg innanfor komitéen/utvalet sitt
arbeidsområde, og komitéen/utvalet sin(e) representant(ar) har forslagsrett på årsmøtet innanfor
komitéen/utvalet sitt arbeidsområde.
e) Eit medlem under 15 år har forslagsrett til og på årsmøtet.
6. Engasjert revisor har talerett på ordinært og ekstraordinært årsmøte i saker som ligg innafor sitt
arbeidsområde.
7. Representant frå overordna organisasjonsledd har talerett på ordinært og ekstraordinært årsmøte
i IL Skarphedin.
§ 7 Representasjonsrett og vilkår for val av arbeidstakar og oppdragstakar
1. Ein arbeidstakar i IL Skarphedin kan ikkje veljast til styre, råd, utval/komité mv. i idrettslaget eller
overordna organisasjonsledd. Tillitsvalt som får relevant tilsetjing, pliktar å gå ut av tillitsvervet ved
tiltreding av stillinga, og kan ikkje gå inn att før tilsetjingstilhøvet er avslutta.
2. Ein arbeidstakar i idrettslaget kan ikkje veljast eller oppnemnast som representant til årsmøte/ting
eller leiarmøte i overordna organisasjonsledd. Det kan heller ikkje veljast eller oppnemnast
representant som er arbeidstakar i det organisasjonsledd representasjonen skjer.
3. Regelen vert brukt tilsvarande på eit medlem som har oppdragsavtale som kan samanliknast med
eit tilsetjingstilhøve.
4. Regelen gjeld ikkje for arbeidstakar som er spelar/utøvar med kontrakt og medlemskap i IL
Skarphedin, og er ikkje til hinder for at idrettslaget gjev dei tilsette rett til å utpeike
tilsettrepresentant(ar) til idrettslaget sitt styre.
5. Ein person som er valt eller oppnemnt i strid med regelen vert ikkje sett på som valt eller
oppnemnt.
6. Idrettskretsen kan, når det ligg føre særlege tilfelle, gi dispensasjon frå denne regelen. Det skal så
langt det er mogleg søkast om dispensasjon i forkant. Det er berre mogleg å gje dispensasjon for ein
valperiode/oppnemning av gongen.
§ 8 Representasjonsrett og vilkår for val for andre personar med tilknyting til idrettslaget
1. Eit medlem som har avtale med IL Skarphedin som gjev denne økonomisk interesse i drifta av
idrettslaget kan ikkje veljast til verv i styre, råd, utval/komite mv. innan IL Skarphedin eller overordna
organisasjonsledd. Det same gjeld styremedlem, tilsett, eller aksjonær med vesentleg innverknad i
ein juridisk person som har slik avtale som nemnt i første setning. Avgrensinga gjeld ikkje for
styremedlem oppnemnt av idrettslaget. Tillitsvalt som får ei slik avtale, styreverv, tilsetjing eller
eigardel, pliktar å gå ut av tillitsvervet ved tiltreding av stillinga, og kan ikkje gå inn att før
tilsettingshøvet er avslutta.
2. Person som etter første ledd ikkje kan veljast, kan heller ikkje veljast eller bli oppnemnt som
representant til årsmøte/ting eller leiarmøte i overordna organisasjonsledd. Det kan heller ikkje
veljast eller oppnemnast representant med tilsvarande tilknyting til det organisasjonsledd
representasjonen skjer.
3. Ein person som er valt eller oppnemnt i strid med regelen blir ikkje sett på som valt eller
oppnemnt.
4. Idrettskretsen kan, ved særskilde høve, gi dispensasjon frå denne regelen. Det skal så langt det er
mogleg søkjast om dispensasjon i forkant. Det er berre mogleg å gje dispensasjon for ein
valperiode/oppnemning kvar gong.
§ 9 Inhabilitet
1. Ein tillitsvalt, oppnemnt representant eller tilsett i IL Skarphedin er inhabil til å legge til rett
grunnlaget for ei avgjerd eller til å treffe avgjerda:
a) når denne sjølv er part i saka
b) når denne er i slekt eller svogerskap med ein part i opp- eller nedstigande linje eller i sidelinje så
nær som søsken
c) når denne er eller har vore gift med eller er forlova eller sambuar med ein part
d) når denne er leier eller har leiande stilling i, eller er medlem av styret i eit organisasjonsledd eller
annen juridisk person som er part i saka.
2. Ein person er og inhabil når andre særskilde høve ligg føre som er eigna til å svekke tilliten til at
denne er upartisk; mellom anna skal det leggjast vekt på om avgjerda i saka kan gje særleg fordel, tap
eller ulempe for personen sjølv eller nokon som denne har nær personleg tilknyting til. Det skal også
leggjast vekt på om krav om inhabilitet er reist av ein part.
3. Er ein overordna inhabil, kan avgjerd i saka heller ikkje treffast av direkte underordna i idrettslaget.
4. Inhabilitetsreglene skal ikkje brukast dersom det er heilt klart at den tillitsvalte, oppnemnde
representanten eller tilsette si tilknyting til saka eller partane ikkje vil kunne påverke denne sitt
standpunkt og idrettslege interesser ikkje seier at vedkommande fråtrer.
5. Med part er det her meint person, medrekna juridisk person, som ei avgjerd rettar seg mot eller
som saken elles direkte gjeld.
6. I styre, komitear og utval tek organet sjølv avgjerd, utan at det inhabile medlemmet deltek. Kjem
det i ei og same sak opp spørsmål om inhabilitet for fleire medlemer, kan ingen av dei delta ved
avgjerda av sin eigen eller ein annan medlem sin habilitet, med mindre organet elles ikkje ville vore
vedtaksført i spørsmålet. I sistnemnde tilfelle skal alle møtande medlemer delta. Medlemen skal i
god tid seie frå om forhold som gjer eller kan gjere vedkomande inhabil. Før spørsmålet vert avgjort,
bør varamedlem eller annan person som kan tre inn i staden for, bli kalla inn til å møte og delta i
avgjerda, dersom dette kan gjerast utan vesentleg bruk av tid eller kostnad.
7. I andre tilfelle avgjer personen det gjeld sjølv om han/ho er inhabil. Dersom ein part krev det og
det kan gjerast utan vesentleg ekstra bruk av tid, eller personen det gjeld elles finn grunn til det, skal
denne sjølv leggje fram spørsmålet for sin næraste overordna til avgjerd.
8. Regelen gjeld ikkje på årsmøtet i idrettslaget.
§ 10 Krav til vedtak, fleirtalskrav og protokoll
1. Når ikkje anna er bestemt, er styre, komitear og utval i idrettslaget vedtaksføre når eit flertall av
medlemmane er til stades. Vedtak blir fatta med fleirtall av dei gjevne røystene. Ved likt tal på
røyster er møteleiar si røyst avgjerande.
2. Vedtak kan fattast ved skriftleg sakshandsaming eller ved fjernmøte. Ved skriftleg sakshandsaming
skal kopiar av dokument i saka sendast samtidig til alle medlemmar med forslag til vedtak. Gyldig
vedtak krev at fleirtalet av medlemmane er samd i det framlagte forslaget, og til at dette blir gjort
etter skriftlig sakshandsaming. Ved fjernmøte skal alle møtedeltakarane kunne høyre og
kommunisere med kvarandre.
3. Det skal førast protokoll frå styremøta.
§ 11 Refusjon av utgifter til tillitsvalte. Godtgjersle
1. Tillitsvalt kan motta refusjon for nødvendige, faktiske utgifter som vedkomande får i samband med
utføring av vervet.
2. Tillitsvalt kan motta ei rimeleg godtgjersle for arbeidet sitt.
3. Godtgjersle til styret og dagleg leiar skal kome klart fram i vedteke budsjett og rekneskap.
III. ØKONOMI
§ 12 Rekneskap, revisjon, budsjett mv.
1. Idrettslaget er rekneskaps- og revisjonspliktig. Rekneskapsåret skal følgje kalenderåret.
2. IL Skarphedin har ein omsetnad som gjer at laget skal følgje rekneskapsreglane i rekneskapslova og
revisorlova, og skal engasjere statsautorisert/registrert revisor uavhengig av kva som følgjer av desse
lovene. Alle organisasjonsledd som har engasjert revisor skal velje ein kontrollkomité med minst to
medlemar. Kontrollkomitéen sine oppgåver følgjer av NIF si lov § 2-12.
3. Bankkonti skal vere knytt til idrettslaget og skal disponerast av to personar i fellesskap.
Underslagforsikring skal vere teikna for dei som disponerer.
4. På årsmøtet skal det fastsetjast eit budsjett som inneheld alle hovudposter i resultatrekneskapen.
Rekneskap og budsjett for idrettslag som er organisert med grupper/avdelingar, skal også omfatte
rekneskapa og budsjetta for gruppene/avdelingane. Budsjettet skal vere realistisk, og resultatet skal
ikkje vise underskot med mindre det vert dekt av positiv eigenkapital. Det vedteke budsjettet bør
kome fram i ei eiga kolonne når årsrekneskapet vert lagt fram.
5. Årsrekneskap og årsmelding skal underskrivast av samtlege styremedlemar. Har idrettslaget dagleg
leiar skal også denne signere.
6. Idrettslaget kan ikkje gje lån eller stille garantiar for lån dersom ikkje lånet eller garantien har
sikring med trygg pant eller annan fullgod sikring. Sikring for lån og garantiar skal opplysast i note til
årsoppgjeret.
7. Disposisjonar, også låneopptak, av ekstraordinær karakter eller vesentleg omfang i høve til
idrettslaget sin storleik eller verksemd, kan berre vedtakast av årsmøtet.
IV. ÅRSMØTE, STYRE, UTVAL MV.
§ 13 Årsmøtet
1. Årsmøtet er idrettslaget sitt høgste styringsorgan, og skal haldast kvart år innan utgangen av mars
månad.
2. Hovudstyret kallar inn til årsmøte minst ein månad på førehand direkte til medlemmane eller ved
kunngjøring i pressa, samt på IL Skarphedins internettside. Forslag som skal handsamast på årsmøtet
må vere sendt til styret seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige
saksdokument med forslag skal vere gjort tilgjengeleg på IL Skarphedins internettside seinast ei veke
før årsmøtet.
3. Ved innkalling i strid med regelen, avgjer årsmøtet ved godkjenning av innkalling og godkjenning
av saklista, om årsmøtet er lovleg innkalla og om det er saker som ikkje kan handsamast.
4. Alle medlemmane i IL Skarphedin har tilgang til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar
og/eller media til å vere tilstades, eventuelt vedta at årsmøtet kun er ope for medlemmar.
5. Årsmøtet er vedtaksført dersom det møter eit tal på røysteføre medlemmar som minst svarar til
talet på styremedlemmar i Hovudstyret. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det innkallast til
årsmøte på nytt utan krav til minimumsdeltaking.
6. På årsmøtet kan det ikkje handsamast framlegg om endring i lov eller reglar som ikkje er ført opp
på den saklista som er gjort tilgjengeleg eller sendt ut. Andre saker kan takast opp når 2/3 av dei
frammøtte røysteføre på årsmøtet vedtek det ved godkjenning av saklista.
§ 14 Leiing av årsmøtet
Årsmøtet blir leia av valt dirigent. Dirigenten eller valt referent treng ikkje å vere medlem av IL
Skarphedin. Det kan veljast fleire dirigentar og referentar.
§ 15 Oppgåvene til årsmøtet
Årsmøtet skal:
1. Godkjenne dei røysteføre.
2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane.
3. Velje dirigent(ar) og referent(ar), samt 2 medlemmer til å underskrive protokollen.
4. Handsame idrettslaget si årsmelding og gruppeårsmeldinger.
5. Handsame heile idrettslaget sin samla rekneskap i revidert stand.
6. Handsame forslag og saker.
7. Fastsetje medlemskontingent på minst kr. 100 og treningsavgift, eller gi gruppestyra fullmakt til å
fastsette treningsavgift for gruppene sine aktivitetar.
8. Vedta handlingsplanar for gruppene og Hovudstyret
9. Vedta budsjett for gruppene og Hovudstyret
10. Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan
11. Engasjere statsautorisert/registrert revisor til å revidere idrettslaget sin rekneskap.
12. Gjere følgjande val:
a) Leiar og nestleiar (jfr. Punkt 14)
b) Styremedlemmar i Hovudstyret er leiarane i gruppene (særgruppene) laget består av i følgje IL
Skarphedin sin organisasjonsplan
c) Personlege varamedlemmar blir valt av gruppeårsmøta. .
d) To medlemmar til kontrollkomite
e) Andre val etter årsmøtevedtatt organisasjonsplan
f) Representanter til ting og møter i organisasjonsledda idrettslaget har representasjonsrett i.
Årsmøtet kan gje styret fullmakt til å oppnemne desse representantane.
g) Valkomité som består av to medlemmar og ein varamedlem.
13. Alle val gjeld for eit år om gongen, og gjeld frå 1. april til 31. mars året etter.
14. Årsmøtet kan velje leiar og nestleiar på to ulike måtar, og årsmøtet tek først stilling til kva måte
ein skal bruke.
a) Hovudstyret består av leiarane i særgruppene, og har særskilt valt leiar og nestleiar blant desse.
Desse er leiar og nestleiar eit halvt år kvar. Skifte av verv er 1. oktober.
eller
b) Hovudstyret består av leiarane i særgruppene i tillegg til fritt valt leiar og nestleiar.
15. Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemmane til Hovudstyret skal veljast samla.
16. Årsmøtet kan godkjenne at samansetjinga av Hovudstyret kan bli endra i løpet av året.
Eller: Dersom ei særgruppe Skarphedin fotball tar leiar utanom ordinært årsmøte i gruppa
godkjenner årsmøtet at ny leiar går inn som medlem i Hovudstyret i løpet av valperioden 1. april til
31. mars.
§ 16 Røystegjeving på årsmøtet
1. Dersom noko anna ikkje er fastlagt i denne lova, skal eit vedtak, for å vere gyldig, vere gjort med
vanleg fleirtal av dei avgjevne røystene. Ingen representant har meir enn ei røyst. Ingen kan møte
eller røyste ved fullmakt. Blanke røyster skal reknast som ikkje avgjevne.
2. Val skjer skriftleg viss det føreligg meir enn eit forslag eller at det blir krevd. Viss det skal vere
skriftlege val, kan berre føreslegne kandidatar førast opp på røystesetelen. Røystesetlar som er
blanke, eller som inneheld ikkje føreslegne kandidatar, eller ikkje inneheld det talet det skal røystes
over, tel ikkje, og røystene blir sett på som ikkje avgjevne.
3. Når eit val skjer enkeltvis og ingen kandidat oppnår meir enn halvparten av dei avgjevne røystene,
blir det omval mellom dei to kandidatane som har oppnådd flest røyster. Er det ved omval likt tal på
røyster, blir valet avgjort ved loddtrekking.
4. Når det ved eit val skal veljast fleire ved ei avrøysting, må alle, for å bli valt, ha meir enn halvparten
av de avgjevne røystene. Dette gjeld ikkje ved val av varamedlem. Viss ikkje mange nok av
kandidatane har oppnådd dette i første valomgang, er dei som har fått meir enn halvparten av
røystene valde. Det blir så omval mellom dei kandidatane som står att, og etter denne røystinga er
dei som har fått flest røyster valde. Er det ved omval likt tal på røyster, blir valet avgjort ved
loddtrekking.
§ 17 Ekstraordinært årsmøte
1. Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget blir kalla inn av Hovedstyret med minst 14 dagars varsel
etter:
a) Vedtak av årsmøtet i idrettslaget.
b) Vedtak av Hovudstyret i idrettslaget.
c) Vedtak av styret eller årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd.
d) Skriftleg krav frå 1/3 av idrettslagets røysteføre medlemmar.
2. Ekstraordinært årsmøte blir innkalt direkte til medlemmene eller ved kunngjøring i pressa, samt på
idrettslagets internettside. Sakliste og nødvendige saksdokument blir gjort tilgjengeleg på IL
Skarphedin si internettside samtidig med innkallinga.
3. Ekstraordinært årsmøte er vedtaksført dersom det møter eit tal på røysteføre medlemmar som
minst tilsvarer talet på styremedlemmar i Hovudstyret. Dersom det ekstraordinære årsmøtet ikkje er
vedtaksført, kan det innkallast til ekstraordinært årsmøte på nytt utan krav til minimumsdeltaking.
4. Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget skal berre handsame dei sakene som er bestemt i vedtaket
eller i kravet om innkalling av det ekstraordinære årsmøtet.
5. Ved innkalling i strid med regelen, avgjer det ekstraordinære årsmøtet høvesvis ved godkjenning
av innkalling og godkjenning av saklisten, om det ekstraordinære årsmøtet er lovleg kalla inn og om
det er saker som ikkje kan handsamast.
§ 18 Hovudstyret
1. Idrettslaget blir leia og er forplikta av Hovudstyret, som er idrettslagets høgste styringsorgan
mellom årsmøta.
2 Styret skal m.a.:
a) Setje i verk årsmøtet i IL Skarphedin og overordna organisasjonsledd sine regelverk og vedtak.
b) Sjå til at IL Skarphedin sine midlar blir brukt og forvalta på ein forsiktig måte i samsvar med dei
vedtaka som er fatta på årsmøtet eller i overordna organisasjonsledd, og sørge for at idrettslaget har
ein tilfredsstillende organisering av rekneskaps- og budsjettfunksjonen og har ei forsvarleg
økonomistyring.
c) Oppnemne komitear/utval/personar for spesielle oppgåver etter behov og utarbeide
mandat/instruks for desse.
d) Representere idrettslaget.
e) Oppnemne ansvarlig for politiattestordninga.
f) IL Skarphedin har eiga barneidrettsgruppe, og leiaren i denne gruppa er ansvarleg for
barneidretten i laget. Dersom barneidrettsgruppa i framtida ikkje skulle fungere som ei særgruppe i
IL Skarphedin, skal Hovudstyret oppnemne ein ansvarleg (tillitsvalt eller tilsett) for barneidretten i
laget.
3. Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det eller minst to av styremedlemmene krev det.
§ 19 Grupper og komitear
Lovnorm: Valkomitéen vert valt på årsmøtet på fritt grunnlag, etter innstilling frå styret, og skal
leggje fram innstilling på kandidatar til alle andre tillitsverv som skal veljast på årsmøtet. Medlem av
valkomité som sjølv vert kandidat til verv, pliktar å tre ut av valkomitéen.
1. Valkomiteen skal leggje fram innstilling på kandidatar til alle tillitsverv som skal veljast på
årsmøtet, med unntak av valkomité. Medlem av valkomité som sjølv blir kandidat til verv, pliktar å
tre ut av valkomiteen.
2. Idrettslaget kan organiserast med grupper. IL Skarphedin sitt årsmøte bestemmer oppretting og
nedlegging av grupper (særgrupper) i samband med handsaming av idrettslaget sin
organisasjonsplan.
3. Har årsmøtet til laget gjort vedtak om oppretting av grupper (særgrupper), vert kvar gruppe leia av
eit gruppestyre.
4. Gruppestyret skal bestå av minst 3 medlemmar. Utover det avgjer årsmøtet i gruppa kor stort
dette styret skal vere og funksjonstida til styremedlemmane (1 eller 2 år). Gruppestyret skal dekke
desse funksjonane: leiar, kasserar/økonomiansvarleg og sekretær.
5. Tidspunktet for gruppene sine årsmøte blir bestemt av gruppestyret, men gruppeårsmøtet skal
vere avvikla innan 15 mars. Innkalling skal skje på same vis som for årsmøtet i IL Skarphedin, med ein
innkallingsfrist på minst 14 dagar. For øvrig gjeld reglane til IL Skarphedin sitt årsmøte også
gruppeårsmøtene.
6. Gruppeårsmøta skal:
a) Vedta årsmelding for gruppa
b) Handsame rekneskap for gruppa. Dette skal seinare godkjennast av årsmøtet i IL Skarphedin
c) Vedta eventuell årleg treningsavgift
d) Vedta handlingsplan for gruppa
e) Vedta budsjett
f) Velje gruppestyret og bestemme ansvarsområde for styret og bestemme om funksjonstida for
styremedlemmane er eitt eller to år.
6. Ei særgruppe kan velje å ikkje ha eige årsmøte. I slikt tilfelle vil dei vanlege årsmøtefunksjonane for
gruppa bli eiga sak på hovudårsmøtet til IL Skarphedin.
7. Alle som har betalt kontingent til IL Skarphedin, kan delta og røyste på årsmøte i alle gruppene.
Hovudstyret eller årsmøtet i laget kan bestemme at ei gruppe skal ha ekstraordinært årsmøte,
dersom ei sak krev dette.
8. For grupper/avdelingar sine økonomiske forplikingar heftar heile idrettslaget, og
grupper/avdelingar kan ikkje inngå avtalar eller representere idrettslaget utan styrets godkjenning jf.
§ 18.
V. ANDRE REGLAR
§ 20 Alminnelege disiplinærtiltak, sanksjonar etter kamp- og konkurransereglar, straffesaker og
dopingsaker
For almenne disiplinærtiltak, sanksjonar etter kamp- og konkurransereglar, straffesaker og
dopingsaker gjeld NIF si lov kapittel 11 og 12.
§ 21 Lovendring
1. Lovendring kan berre vedtakast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte i IL Skarphedin etter å ha
vore oppført på saklista, og krev 2/3 fleirtall av dei avgjevne røystene.
2. Lovendringar som følgje av endringar i NIFs lov, trer i kraft straks. Lovendringar vedtatt av
idrettslaget sjølv trer ikkje i kraft før dei er godkjende av idrettskretsen. Godkjenninga er avgrensa til
dei reglane som NIF si lov omfattar.
3. I samband med godkjenninga kan idrettskretsen påleggje nødvendig endring for å unngå motstrid
med NIF sitt regelverk.
4. Endringar i §§ 21 og 22 kan ikkje bli vedtatt av idrettslaget sjølv dersom endringane ikkje følgjer av
NIF sitt regelverk eller lovnorm.
§ 22 Oppløsning. Samanslåing. Anna opphøyr
1. Forslag om oppløysing av idrettslaget må først handsamast på ordinært årsmøte. Blir oppløysing
vedtatt med minst 2/3 fleirtall, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte tre månader seinare.
For at oppløysing skal skje må vedtaket her bli gjentatt med 2/3 flertall.
2. Samanslåing med andre idrettslag blir ikkje rekna som oppløysing av laget. Vedtak om
samanslæing og nødvendige lovendringar i samband med dette blir gjort i samsvar med vedtektene
om lovendring, jf. § 21.
3. Ved oppløysing eller anna opphøyr av IL Skarphedin går laget sine overskytande midlar etter
avvikling til eit føremål godkjent av idrettskretsen. Melding om at idrettslaget skal oppløysast, skal
sendast til idrettskretsen 14 dagar før idrettslaget held sitt ordinære årsmøte for handsaming av
saka.
Klubbens organisering
Årsmøtet er klubbens høgste organ og vert halde årleg i løpet av første kvartal.
Innkalling til årsmøtet vert annonsert i lokalavisa, på klubbens heimeside, samt på klubbens
facebookside.
Årsmøtet legg grunnlaget for styrets arbeid. Alle som ønsker å vere med på å bestemme kva klubben
skal gjere og korleis den skal drives bør delta på årsmøtet.
På årsmøtet har alle klubbens vaksne medlemmer (over 18 år) røysterett.
Lagets organisering
Styret
Styret i Skarphedin fotball består av leiar, nestleiar og tre styremedlemmer, kor den eine er klubbens
økonomiansvarleg. Klubben har tilsett ein dagleg leiar som har møteplikt på styremøta. Styrets
funksjon er å leggje til rette for best mogleg rammer for klubbens aktiviteter på alle plan.
Styrets viktigste oppgaver
• Leggje til rette for klubbens sportslege aktiviteter og sørge for ein forsvarleg og sunn økonomi.
• Sørge for rekruttering av nøkkelpersonar i klubben.
• Styret skal jobbe langsiktig med strategiplanar og system for å ta vare på og utvikle klubbens
aktiviteter, organisasjon, kompetanse, verdiar og anlegg. Det skal overvake at klubben følgjer
pålagte lovar og reglar.
• Styret har arbeidsgjevaransvaret for dagleg leiar.
• Styret skal vere representert ved oppstartsmøter for nye kull.
Øvrige roller og skildringar
• Dagleg leiar: Leier den daglege drifta av klubben og er bindeleddet mellom styret og klubbens
medlemmer.
• Sportslig leiar: Leier klubbens sportslige aktiviteter i tett samarbeid med sportsleg utval.
• Trenerkoordinator: Ansvar for utvikling og leiing av klubbens trenere. Sørger for at klubbens
trenarar har kompetanse i høve til krava frå NFF kvalitetsklubb.
• Styret skal ha ein representant inn i styret for Sommarland Cup.
• Kioskleiar: Ansvar for drift og organisering av kiosken.
• Oppstart- og rekrutteringsansvarleg: Ansvar for å planleggje og gjennomføre rekrutteringstiltak,
samt oppstart av nye lag.
• Dommarkoordinator: Sørge for planlegging av dommarverksemd i klubben og
utvikling/opplæring av klubbens dommarar.
• FIKS-ansvarlig: Ansvarleg for at klubbens informasjon i FIKS til ein kvar tid er oppdatert.
• Ansvarlig politiattester: Sørger for at klubben har henta inn politiattester i høve til regelverk.
• Kvalitetsklubbansvarleg: Ansvarleg for klubbens kvalitetssystem i høve til krav frå NFF
kvalitetsklubb nivå 1.
• Fair play-ansvarleg: Ansvar for å sette Fair Play på dagsorden i klubben.
• Anleggsansvarleg: Har ansvar for drift og vedlikehald av klubbens baner og areal.
• Kulladministrator: Overordna lagleiar for kullet, kontaktperson for dagleg leiar.
• Materialforvaltar:
• Webansvarlig/kommunikasjon: skal oppdatere nettsidene til Skarphedin fotball, og sjå til at det
er rett informasjon til ein kvar tid.
Trenarar, lagleiarar og økonomiansvarleg for laget vert skildra i neste kapittel.
Dagleg leiar
1. Mål for stillinga
Dagleg leiar skal leie klubben på ein slik måte at klubbens visjonar, verdiar og mål vert sikra og styrka
samt at tryggleik kan utviklast både for klubbens posisjon i lokalsamfunnet og for verksemdas
medarbeidarar.
2. Organisatorisk plassering
Nærmaste overordna til dagleg leiar er klubbens styre. Utanom styremøta rapporterer dagleg leiar til
styreleiar.
3. Ansvar og myndigheit
a) Dagleg leiing omfattar ikkje saker som er av uvanleg art eller stor tyding for klubben. Slike saker
skal leggjast fram for styret.
b) Dagleg leiar har saman med styret eit ansvar for å forvalte klubbens menneskelege og materielle
ressursar. Han/ho skal leie klubben i samsvar med loven, forskrifter, vedtekter og avgjerder vedteke i
styret.
c) Dagleg leiar skal i samarbeid med styret fastsetje klubbens mål og strategiar, for deretter saman
med styret ta ansvar for ei effektiv leiing av alles innsats for å innfri desse.
d) Dagleg leiar pliktar å informere styret om viktige forhold i og utanfor fotballklubben som kan
påverke fotballklubbens stilling, utvikling og omdømme.
e) Ansvar for parkeringa til Sommarland.
f) Dagleg leiar organiserer klubbens sponsorarbeid, men har høve til å delegere det vidare.
4. Fullmakter
a) Dagleg leiar er tildelt prokura frå styret og har fullmakt til å inngå nødvendige avtaler knytt til den
daglege drifta.
b) Avtaler av strategisk karakter skal leggjast fram for styret til handsaming.
c) Klubbens kontoar vert disponert av dagleg leiar saman med den økonomiansvarlege i styret.
d) Avtaler med økonomisk ramme ut over kr. 10.000,‐ skal alltid leggjast fram for styret for vedtak.
e) Utbetalingar over kr. 100.000 skal alltid klarerast med styrets leiar.
f) Eventuelle tillitsverv og/eller bistillingar skal godkjennast av styret.
5. Arbeidsoppgåver
5a – Dagleg drift:
• Dagleg leiar skal vere godt synlig i klubbmiljøet.
• Ansvar for dagleg drift, herunder oppfølging av administrative rutiner.
• Sørge for at klubbens kommunikasjonssystem til ein kvar tid fungerer og oppdatere
webansvarleg med relevant informasjon.
• Halde klubbens trenarar, lagleiarar og andre ressurspersoner orientert om praktiske forhold
rundt baner, utstyr, trening, kamper, kursing etc.
• Føre medlemsregister og krevje inn medlemskontingenter.
• Vere klubbens pressekontakt.
• Hovudansvarleg for kontakt med fotballkrets, NFF, idrettskrets og NIF i saker av ikkje-sportsleg
karakter.
• Handsame inn‐ og utgåande fakturaer.
• Halde løpande kontakt med økonomiansvarleg, rekneskapsførar og revisor.
• Sørge for god oppfølging av kommunen og fylkeskommunen, både administrativt og politisk.
• Lede forhandlingar i samband med overgangssaker vedrørande spelarar og trenarar.
• Sørge for at klubbens eigedomar ser representative ut.
5b – Forholdet til styret og årsmøtet
• Setje agenda for styremøte i samarbeid med styreleiar.
• Rapportere økonomi og øvrig aktivitet på kvart styremøte.
• Ta sjølvstendige beslutningar på vegne av klubben i tråd med fullmakter.
• Bistå styret ved førebuingar til og gjennomføring av årsmøtet.
5c – Forholdet til utval og grupper
• Gruppene og utvala er nedsatt av styret og opererer sjølvstendig og ansvarlig i forhold til sine
ansvarsområde og instruksar.
• Gruppene kan søkje dagleg leiars bistand for gjennomføring av oppgåver, innhenting av
informasjon og kommunikasjon med medlemmene.
6. Ansvar som ikke ligg på dagleg leiar
Dagleg leiar er ikkje ansvarleg for klubbøkonomien utover fullmakter nemd i punkt 4. Styret har det
øvste ansvar for klubbens økonomi.
Daglig leder er ikkje ansvarlig for å hente inn politiattester i klubben. Dette ansvaret er lagt til styret i
tråd med lovverket.
Daglig leder er ikkje ansvarleg for rekruttering av personer til rollene i utval og gruppene. Dette
ansvaret ligg til styret og kan eventuelt delegerast vidare til eit utval/ein komité.
Daglig leder er ikkje ansvarleg for sportsleg aktivitet eller sportslege resultat i klubben.
Der det er hensiktsmessig kan dagleg leiar på førespurnad representere og utføre oppgåver innan
alle desse ansvarsområda, for eksempel ved møter på dagtid der styre‐/utvalsmedlemmene har
vanskelig for å stille grunna sine arbeidsforhold.
Sportsleg utval
Styret utnemner sportsleg utval. Sportslig utval rapporterer til styret, og har ansvar for å følgje opp
og evaluere trenerkoordinatorene.
Sportslig utval skal bestå av fire personer, min 1 frå styret, to trenerkoordinatorar, i tillegg til eit
klubbmedlem. Medlemmet frå styret skal leie Sportsleg utval.
Sportsleg utval skal:
a) Rapportere status på kvart styremøte
b) Skrive årsmelding for Sportsleg utval til årsmøtet
c) Ta ansvar for evaluering av sesongen
d) Bistå med rekruttering og kursing av trenere og lagleiarar til alle lag (v/trenerkoordinator)
e) Planlegge og bidra til gjennomføring av 2-4 sportsmøte kvart år (v/trenerkoordinator)
f) Gjennomføre naudsynt oppfølging av aktuelle lag
g) Vere rådgjevande organ for seniorfotballen og støtteapparatet rundt
h) Vere representert i samband med tilsetjing av hovudtrenar for klubbens lag frå
ungdomsfotballen og opp til senior
i) Vere delaktig i kontraktsmøte/avgjerder for overgangar
j) Melde behov og bli hørt i samband med budsjettforslag
k) Utvalsleder er klubbens kontakt mot kretsen vedr. sportslige høve
l) Skal vere delaktig i å melde klubbens spelarar på sone- og kretssamlinga.
Trenarhandsamar
Oppgåvene til trenerhandsamar er:
• Følgje opp og kvalitetssikre det arbeidet som vert gjort i laga
• Utarbeide treningsmalar (idébankar) for dei ulike alderstrinna
• Vere ute på treningsfelta og følgje med på korleis treningar blir gjennomført
• Av og til sjølv gjennomføre treningar/eksempeløkt med ulike lag
• Arrangere trenarforum for trenarar/lagleiarar ein til to gonger i året
• Oppmode klubbens trenarar til å bruke tilgjengelege ressursar om trening, til dømes
www.treningsøkta.no
• Samle trenarar og lagleiderar til fellesmøte kvar sesong
Materialforvaltar
• Halde oversikt over behaldning av klubben sitt utstyr og kor det er.
• Sørge for vedlikehald av klubbens fellesutstyr og materiell.
• Sørge for at laga leverer inn (og ta i mot) utstyr dei ikkje lenger trenger, inkl. draktinnlevering
etter sesongslutt for lag som trenger større eller nye drakter neste sesong.
• Leggje fram behov for innkjøp av materiell til daglig leder (ta høgde for leveringstid).
• Sørge for utdeling av materiell gjennom hele året. Behov for supplering meldes inn fortløpande
frå lagleiare.
• Sørge for at det er ryddig og oversiktlig i klubben sine lager.
• Trykking av sponsorer på klubbens utstyr og fellesutstyr/kler laga bestiller.
• Sørge for at fellesutstyr for utlån er intakt og tilgjengelige for laga (reserve draktsett, vinterballar,
kjegler, små mål, div. utstyr til teknisk trening).
• Klargjøre ballar og evt. anna utstyr til klubbens cupar, fotballskoler og evt. andre arrangement,
sørge for bortrydding og evt. vask av vestar når arr. er ferdig.
• Sørge for innkjøp av medisinsk utstyr.
Kioskansvarlig
• Kioskansvarleg skal sørge for at produktutvalet er innbydande og salbart.
• Saman med dagleg leiar set kioskansvarlig opp ein plan for året.
• Kioskansvarlig skal sørge for at det er nok varer i hyllene, og kan enten handle sjølv eller be
dagleg leiar gjøre det.
• Dagleg leiar arbeidar saman med kioskansvarlig og tek seg av all planlegging og kommunikasjon
rundt bemanning i kiosken.
• Kioskansvarlig har ansvar for daglege oppgjer.
• Samarbeide med cupstyret om innkjøp til Sommarland Cup.
Oppstartsansvarleg:
Styret nemner ein ansvarleg for oppstarting av nye lag. Personen skal kjenne til klubben sin visjon,
verdiar, mål og handlingsplanar og må gjennom sin veremåte opptre som ein god ambassadør for
klubben. Hovudoppgåva er å kvalitetssikre oppstart av nye årskull og bidra til at alle får mest mulig lik
inngang til klubben.
• Nye årgangar starter opp våren i 1. klasse. Oppstartsansvarleg kallar inn til foreldremøter for de
aktuelle gruppene i mars/april.
• Oppstartsansvarleg har, i samarbeid med dagleg leiar, ansvar for å finne trenarar og leiare til alle
lag i barnefotballen.
• Oppstartsansvarlig veiledar om klubben sine verdiar med tanke på inndeling og samansetning av
lag. Oppstartsansvarleg har ei sentral rolle i høve til laginndelinga, basert på retningslinjene frå
klubben sin sportsplan.
• Oppstartsansvarleg bør ha eit ansvar for å evaluere og vidareutvikle klubben sin
rekrutteringsplan.
Dommarkoordinator:
Dommarkoordinatoren si viktigaste oppgåve er å ha god kontakt og godt samarbeid med:
• Klubben sine dommarar
• Klubben sitt styre og administrasjon
• Lagleiare og trenarar. Sende ut liste over klubbdommarane.
• Fotballkretsen: Orientere seg om kurs osb.
• Har saman med styret hovudansvaret for å rekruttere og behalde nok dommare i høve til antal
lag.
• Leggje til rette og tilby dommarkurs til dei som ynskjer det, følgje opp og handsame desse i
kampar.
• Ansvar for å tilby dei som har ambisjonar og talent vidare oppfølging og etterutdanning i nært
samarbeid med kretsen.
• Ansvar for at dommaren har ein naturlig plass i klubbmiljøet på lik linje med spelarane.
• Ansvar for at utstyr til dommarane gjeng inn i klubbens utstyrsavtale.
• Leggje til rette for at dommaren får relevant trening, gjerne saman med klubben sine lag,
inkludert deltaking på treningsleir.
• Gjennomføre gjennomgang av reglane kvar sesong.
• Ha som mål at alle 12-åringar i klubben skal gjennomføre eit dommarkurs.
• Heve dommaren si status i klubben!
FIKS-ansvarlig:
• Forankring – sørgje for at klubbens leiing til ein kvar tid kjenner til alle påkravde FIKS-oppgåver.
• Brukaradministrasjon – sørgje for at klubben har personer i klubben med naudsynte ”tilgangar”
til FIKS.
• Brukaropplæring – sørgje for at personer med tilgang til FIKS har riktig kompetanse til å gjere dei
påkravde oppgåver. Dette skal gjeres i samarbeid med fotballkretsen.
Ansvarleg for politiattester:
• Kjenne til gjeldande regelverk for politiattester
• Ansvarleg for politiattester har teieplikt.
• Lage/vedlikehalde register med oversikt over alle som skal ha politiattest.
• Følgje opp rutinar for politiattester.
• Rutinar for oppdatering og kontroll mot klubben si oversikt over roller og mot faktisk situasjon.
• Personer som skal ha verv kor det krevjast politiattest skal verte informert om dette.
• Ansvarleg person deler ut ferdig utfylt «Formål med politiattest»
• Ansvarleg person kontrollerer og registrerer framvist politiattest (klubben skal ikkje oppbevare
politiattestar)
• Rutinar:
o April
Få inn politiattester til nye i roller/verv/stillingar
Kontrollere behov for fornyingar i løpet av neste halvår
o September
Få inn politiattester til nye i roller/verv/stillingar
Kontrollere behov for fornyingar i løpet av neste halvår
Kvalitetsklubbansvarleg
Rollen skal leggje til rette for at klubben jobbar systematisk for at Skarphedin fotball skal lykkes i nå
dei mål som klubben set seg, at klubben følgjer dei gitte standardar som den sjølv har satt og som
NFF krevjar av ein kvalitetsklubb. Ein person frå styret skal ha den rolla.
Oppgåver:
• Å tileigne seg og oppretthalde inngåande kunnskap om kvalitetsklubbkonseptet og vere pådrivar
for og kommunisere i klubbens planverk og praksis kva NFF legger i god kvalitet.
• Å etablere, følgje opp og vedlikehalde Skarphedin fotball sitt kvalitetssystem
• Å være klubben sin kvalitetssikrar og kontaktperson mot NFF Telemark og NFF i
kvalitetsklubbspørsmål.
• Sørgje for at kvalitetsklubbsystemet set ein standard på trenar, leiar og verdiarbeid i klubben.
• Å arbeide for å sette kvalitetsklubbkonseptet på agendaen til styret for dermed å leggje til rette
for at klubben etterlever dei retningslinjene som er lagt.
• Å følgje opp og betre ut eventuelle avvik frå kriteriesettet.
Fair play-ansvarleg
Overordna ansvarsområder
• Bidra til å settje klubben sin strategi ut i praksis.
• Vere bindeledd mellom styret og laga i klubben.
• Kommunisere med krets og forbund.
• Samarbeide med andre klubber i kretsen (delta på fellesmøter).
Praktiske ansvarsområder:
• Synliggjere Fair play i klubben sin sportsplan, handbok og verdidokumenter.
• Sørgje for at anlegget har et Fair play-preg.
• Bestille Fair play-effektar.
• Hjelpe til ved Fair play-kveldar i klubb for spillarar/foreldre/trenarar.
• Haldningskontraktar og/eller -plakatar i klubben, for spillare, trenarar, lagleiarar og lag.
• Assistere lagleiare og trenarar ved konkrete episodar.
• Sørge for at rutinar for kampavvikling blir overhaldt i alle klubben sine kampar og følgje opp
kampvertar.
• Arbeide for at klubben sine verdiar og haldningar vert etterlevd.
Sommarland Cup
Sommarland Cup er ein økonomisk bærebjelke for Skarphedin fotball og breddefotballen. Klubben er
helt avhengig av dugnadsinnsatsen som vert lagt ned av klubbens medlem og forsette i samband
med cupen.
Sommarland Cup har eige cupstyre og eige budsjett. Styret i Skarphedin fotball skal ha éin
representant i cupstyret.
Telenor Xtra/FFO
Fotballfritidsordning til barna etter skuletid. Hovudfokus på fysisk aktivitet, kosthold og leksehjelp.
Satsinga på FFO er en viktig bærebjelke i NFF si satsing på barne- og ungdomsfotball framover.
Skarphedin fotball har ein tilsett i 80 % stilling som leiar for FFO. Aktiviteten går føre seg på høvesvis
Sandvoll eller i Telemarkshallen, avhengig av sesong.
Tine fotballskule
Skarphedin fotball arrangerer Tine fotballskule to gongar årleg, fyrste og siste veke i skulens
sommarferie.
ORGANISERING AV ØKONOMIARBEID I KLUBBEN
INNLEIING
IL Skarphedin Fotball ynskjer at fotballaktiviteten i klubben skal vere godt organisera, halde solid
kvalitet. Me ynskjer positiv sportsleg utvikling. Dette er bakgrunn for at fotballgruppa i Skarphedin
blei med i Telemark Fotballkrets sitt kvalitetsklubb-prosjekt. Eit av krava for å kunne bli sertifisera
som «Kvalitetsklubb» er at klubben har ein heilhetleg plan for økonomistyring og denne fylgjer NFFs
retningslinjer.
Med bakgrunn i dette er det nå utarbeida ein «Plan for økonomistyring» for Skarphedin fotball.
Planen gir ein oversikt over korleis klubbens økonomiarbeid organiserast og fylgjast opp.
ØKONOMISKE PRINSIPP
Den overordna økonomistrategien er at drift og investeringar skal vere sjølvfinansiert gjennom
inntektsbringande tiltak og eigenandelar.
ÅRSMØTET
Årsmøtet er gruppas øvste organ, og bør haldast i februar månad, men seinast 15. mars kvart år.
Årsmøtet haldast i.h.t organisasjonsplan og idrettslaget lover. På årsmøtet skal rekneskap for
føregåande år og budsjett for inneverande år verta gjennomgått og godkjend. Plan for
økonomistyring skal også rullerast på årsmøtet.
ØKONOMIANSVARLIG
• Styremedlem er leiar av økonomiutvalet beståande av, i tillegg til økonomiansvarleg,
styreleiar og et ekstern klubbmedlem.
• Leie og koordinere økonomiarbeidet – og leie økonomiutvalet.
• Koordinere budsjettarbeidet, gjennomføre i tråd med styre- og årsmøtevedtak.
• Rapportere på styremøte, foreslå tiltak dersom det er vesentlege avvik frå budsjett.
• Fylgje opp regnskapsførar.
• Ansvar for ajourførte medlemslister, fakturering og utbetalingar.
• Økonomiutvalet skal sikre klubben stabile inntekter.
ØKONOMIUTVAL
Fotballgruppa skal ha et økonomiutval som har følgjande ansvar og arbeidsoppgåver:
• Disponerer lagets midlar og har fullmakt til klubbens bankkontoer.
• Har kjennskap til kontoplan.
• Har oversikt over klubbens økonomiske situasjon og følgjer opp denne.
Ser til at resultatregnskap blir revidert til årsmøtet.
• Utarbeide forslag til budsjett for årsmøtet.
• Ansvarleg for deltakarinnbetalinger og utsending av desse innan medio juni.
• Ansvarleg for idrettsregistrering i januar kvart år
• Ansvarleg for søknader om tilskot til kommunen og andre instansar.
• Ansvarlig for medlemslister og ha oversikt over medlemsregisteret (kan settes bort som eget
verv i klubben).
• Ansvarleg for å halde styret orientert, kvartalsvis rapportering.
RUTINER FOR ØKONOMISTYRING
BUDSJETT
Klubben skal kvart år utarbeide budsjett for komande år. Det skal budsjetteres på kontonivå, dvs. på
eit mest mogleg detaljert nivå og tilsvarande som i reknskapet. Kontoplanen som nyttast skal
koordinerast med hovudlagets kontoplan. Budsjettet skal baseres på forsiktighetsprinsippet, dvs. at
man tek med kun sikre inntekter og tar høgde for alle kjente utgifter.
Budsjettet skal handsamast og vedtas i eit styremøte i fotballgruppa før det leggjast fram for
årsmøtet til formell godkjenning.
REGNSKAP
Alle idrettslag er regnskaps- og revisjonspliktige.
Regnskapet til fotballgruppa skal føres av ein regnskapsførar. Fotballgruppa skal få
regnskapsrapporter kvartalsvis eller etter førespurnad frå styreleiar. Regnskapsåret følgjer
kalenderåret. Regnskapet følgjer i utgangspunktet kontantprinsippet, dvs. at inntekter og kostnader
bokførast i den regnskapsperiode (år) der posten har oppstått, men ved større beløp kan det likevel
foretas avsetning/periodisering slik at bokføring skjer på «rett år».
For tiden er det Midttelemark Regnskapskontor AS, Bøgata 69, 3800 Bø i Telemark som fører
fotballgruppas regnskap.
LØPENDE ØKONOMISTYRING
Fotballgruppa skal følgje følgande rutiner for løpande økonomistyring gjennom regnskapsåret:
• Dagleg leiar leverer bilag til regnskapskontoret månadleg på kvar enkelt inntekt og utgift
fotballgruppa har.
• Økonomioppfølging skal være tertialvis på styremøter, basert på rapporter frå
regnskapskontoret.
• Styret skal ha minst ein revidering av budsjettet i løpet av året, fortrinnsvis i
september/oktober.
KONTANTHÅNDTERING
Kontantinntekter fra kiosksal, loddsal mv. skal alltid teljast opp av to personar, og oppgjørsskjema
fyllast ut og signeres av to personar før pengane vert sett inn på konto (innleveres til banken).
BRUK AV BANKKONTO
Iht. NIFs lov § 2-11(7) skal bankkonti disponerast av to personar i fellesskap. Ved utbetalinger skal
regnskapsbilaget alltid signerast av mottakar. Følgjande personar disponerer fotballgruppas
bankkonti:
• Leder for økonomiutvalet
• Dagleg leiar
REGNINGSBETALING
Fotballgruppa sine inngåande fakturaer skal attesteres av dagleg leiar før levering til
økonomiansvarleg for anvisning og betaling. Dette betyr at alle regningsr skal signerast av to
personer før betaling.
Ved refusjonar av kontantutlegg skal det også signerast av to personar før betaling.
BILGODTGjERING / REISEREGNING
Trenarar, lagleiarar, styremedlemmer eller andre som har avtale om å få dekka utgifter til kjøring i
samband med oppgåver utført for fotballgruppa, må levere godkjente bilgodtgjeringsskjema før
godtgjering utbetalast.
Benytt IL Skarphedins eget skjema som skal være tilgjengelig på hjemmesiden.
INNKREVING
Innkreving skal alltid gå til fotballgruppas bankkonti, fortrinnsvis til hovedkontoen. Det skal kun
gjerast unntak dersom økonomiansvarleg har gitt beskjed om annan konto til spesielle formål. Det
skal aldri brukast private bankkonti tilhøyrande styremedlemmer, lagledere mv…
LAGSKASSE
Eigne kasser for lag skal unngås i fotballgruppa. Økonomistyring for all aktivitet i fotballgruppa skal gå
igjennom økonomiutvalet og fotballgruppas styre.
Merk følgende:
• Det er ikkje lov med private bankkonti til lagskasse i eit idrettslag.
• All økonomi skal bokførast i klubbens regnskap.
Kommunikasjon
Trenerforum/møter
Det skal gjennomføres trenermøte kvar månad. Sportsleg utval er ansvarleg for innkalling og
gjennomføring av møta. Alle lag bør møte med minst ein trenerrepresentant på trenermøte.
Temaer på møta kan være fastlagt på forhånd eller møtet kan vere av meir open karakter. Det er
viktig at det vert sett av god tid til erfaringsutveksling og at alle blir kjent med sportsplanens «raude
tråd».
Foreldremøter
Alle lag skal ha minst u foreldremøte kvart år der det tas opp viktige saker og leggjast opp til
tilbakemeldingar til trenarar/lagleiarar frå foreldra. Møtet bør haldast før kvar ny sesong, og
sesongopplegget bør gjennomgås overorda. Eventuelle overnattingscuper må tas opp foreldremøte.
Klubbens heimeside
Rammer for klubbdrift og dei retningsliner me held oss til skal bli synliggjort på våre nettsider. Her
skal det også finnes kontaktinformasjon til det enkelte lag og alle personar i klubben med formelle
roller.
Treningsøkta.no
Vi abonnerer på trenerverktøyet treningsøkta.no. Her er det eigne skoleringsplanar for det enkelte
alderstrinn og det er mogleg å nytte dette som verktøy for spelarutvikling på individuelt nivå.
Kontakt dagleg leiar for å få tilsend brukarnamn og passord til treningsøkta.no
Årsmelding frå laga
Det skal skrivast ei årsmelding for kvart alderstrinn som leggast fram på årsmøtet og registrerast i
klubbens historiske arkiv.
Rekrutteringsplan
Skarphedin fotball har ein sterk posisjon i lokalmiljøet med god tilgang på spelarar i yngre trinn.
Samstundes er me blant dei klubbane i Telemark med størst del jenter. Me skal fortsette å være en
foretrekken aktivitetsorganisasjon og vår rekrutteringsansvarlege har som oppgåve å sørgje for at
klubben og vårt tilbod er kjend på skulane i nærleiken.
Utdanning/Kompetanse
Skarphedin fotball skal ha godt kvalifiserte trenarar og leiarar i klubben. Opplæring og
kompetanseheving er et prioritert satsingsområde. Klubben både krev og tilbyr opplæring og kursing
for dei som innehar ulike verv og roller.
Klubben har beslutta å søkje om å bli NFF Kvalitetsklubb, og forpliktar oss dermed til fylgjande
kompetansekrav:
LEIARKOMPETANSE, KLUBB:
• Fleirtalet i klubbens styre skal ha NFFs leiar 1-kurs
TRENARKOMPETANSE BARNEFOTBALL (6-12):
• Ein trenar pr. lag med minimum barnefotballkvelden
• Ein trenar pr. årskull med minst eit delkurs frå NFF Grasrottrenar
TRENERKOMPETANSE UNGDOMSFOTBALL (13-19):
• Ein trenar pr. lag med ungdomsfotballkvelden
• Ein trenar pr. årskull med NFF Grasrottrenar