Styret
Treningstider

Barneidretten IL Skarphedin

Barneidretten driv med allsidig fysisk aktivitet for barn frå 4 år og opp til 9-10 år og hadde i 2010/2011 tett opp mot 200 deltakande barn. Mange ulike idrettar blir presentert for dei unge og det er ein progresjon i tilbodet. Leiken er viktig blant dei yngste, mens tilbodet opp til 4. klasse gradvis blir meir og meir variert.

Barneidretten har sidan 2000 vore driven av engasjerte foreldre. Foreldra er kontinuiteten også når særgrupper og andre idrettsslag presenterar sin idrett for ulike årskull.

Barneidretten er heilt avhengig av engasjerte foreldre som vil bruke tid på eigne og andre sine ungar! Difor oppmodar vi alle foreldre til å kontakte styret viss dei ynskjer å hjelpe til med instruksjon eller være trenar.

Bø skule sin gymsal er utgangspunkt for aktivitetane til dei yngste gruppene. Me har også mange andre aktivitetar som skjer andre stader i nærmiljøet. Semesterplanane vil heile tida fortelje kva for aktivitetar som skal skje, og kor dei skjer.

Av aktivitetar som har vore populære kan vi nemne ski, alpin, skøyter, svømming, skiskyting, skyting, ridning, golf, sykkel og orientering.

Aktivitetsavgift: Kr 300,- for 1 barn og kr 200,- for søsken. Den yngste gruppa betaler kr 150,- for kvart barn.

Styret ledes av Ingebjørg Momrak (2016 – 2017). Monika Slåtta vil fra mai 2016 ha ansvar for regnskap, mens styremedlemmer er Mari Eika, Tore Astad, Evy Kile og Åsta Askildt.

Styret har møter et par ganger i semesteret, og har ellers overordnet ansvar for at aktivitetene går som planlagt. Avslutninger til jul og sommer arrangeres også av styret.

Informasjon

Kontaktpersoner

Evy Kile

tlf: 41207722

Ingebjørg Momrak

Tlf: 97586990

Marte Vreim

Tlf: 97555129