Trafikksikker klubb

Skarphedin fotball – trafikksikker klubb

Alle som tar del i aktivitetar i regi av Skarphedin fotball skal oppleve at transporten til og frå kamp og trening er trygg.

Alle som kjører til og frå kampar skal vera kjent med klubben sine retningslinjer som trafikksikker klubb.

Lagleiarar og trenarar har på vegne av klubben eit ansvar for at klubbens retningslinjer blir praktisert i fotballkvardagen.

——————————————————————————————–

1. På kvart lag skal det peikast ut ein leiar som er ansvarleg for å organisere transport

Generelt skal det:

  • Avtalast klokkeslett for felles frammøte og avreise
  • Leggast opp til samkjæring og at det er nok bilar til alle passasjerane
  • Lagast kjørelister og sørgje for at alle sjåførar er kjent med klubbens retningslinjer som trafikksikker klubb
  • Rullerast på sjåførar slik at flest mogeleg får oppgåver og ansvar
  • Det skal reknast god tid til transport og inkludere pausetid ved lange reiser. Pass på at du stoppar der det er tillatt og trygt for spelarane å ferdast.

Spelarar skal oppfordrast til å bruke hjelm når dei syklar til kamp, trening og avtalte frammøte-plassar.

2. Bilane skal vere i forskriftmessig og forsvarleg stand

  • Sikringsutstyret i bilen skal brukast
  • Bagasje og utstyr skal plasserast i bagasjerommet slik at det ikkje er lause gjenstandar i bilen ved ein eventuell bråstopp

3. Sjåføren skal vera vaken og opplagt

  • Aggressiv kjøring gjer passasjerane utrygge
  • Sjåførane skal vera positive og hugse at dei er forbilde for barn og unge
  • Sjåførane skal vera særleg bevisst sin adferd i trafikken når dei har med seg spelarar i alderen 15-18 år (forbildeeffekten)
  • Trafikkreglene skal følgjast

BUSSREISER

Når lag transporterast med buss eller minibuss skal

  • leige av buss helst skje gjennom busselskap for å sikre god teknisk standard og erfaren sjåfør
  • det ved bruk av eigen, eldre buss settast store krav til vedlikehald og tilsyn. Ved bruk av eigen buss er kravet til erfarne sjåførar ufråvikelig.
  • alle passasjerar ha sitteplass
  • bilbelte i bussen alltid brukast

[ Vedtatt av styret 7.mars 2013. Presentert på kurs i “Trafikksikker klubb” 2.april 2013. ]

Del innlegget:

Andre innlegg

Avgift og Pris

Telenor Xtra Skarphedin

Sommarland Cup 2025

Skarphedinakademiet

Trafikksikker klubb

Jenter 20