Sykkelrittet Haukeliruta Odda-Bø

Haukeliruta Odda-Bø 7. juli 2012.

Nedgang i deltakinga frå ifjor, mykje antageleg grunna veret.

Av 125 påmelde starta 123, 105 kom til mål. Millom dei som ikkje gjorde det var Arild Hamre, som måtte gje seg etter tri punkteringar, den fyrste i 70km/t ned frå Røldalsfjellet (heldigvis hadde me sopa)!

Kun ei dame starta, Kristine Mølmshaug frå Næroset IL - Sykkel.

Vann gjorde Lars Granberg frå CK Haugaland, som kom åleine i mål på tida 06:09.

Harald Sel var av dei som sykla for 32. gong, altså som har vore med alle gongene. Sjå stykke i Varden her.
Dei andre i den gjengen er Rolf Andreassen, Vigleik Gutubø, Sigmund Skar, Tom K. Tveten, Udmund Viflot, i tillegg til Harry Skogli og Nils Våer frå arrangementsstaben, som tek turen seinare i sommar.

Resultatliste

Resultatliste som PDF

Adelskalenderen hos turritt.com er oppdatert! Du finn han her.

Eller du kan søke, på navn eller Turritt-ID, her.

Løypeprofil

Haukeliruta Odda-Bø 2012

Merket

7. juli 2012 arrangerte me sykkelrittet Haukeliruta Odda-Bø for 32. gong.