Struktur for arbeidet i særgruppene

Artikkelindeks

  1. Struktur for styrearbeid
  2. Struktur for arbeidet i hovudstyret
  3. Struktur for arbeidet i særgruppene

Struktur for arbeidet i særgruppene i IL Skarphedin

Månad: Aktuelle saker:
Januar Innlevering av bilag for 3. tertial til rekneskapskontoret. Planlegge årsmøte.
Februar Gjennomgang av økonomien for 3. tertial og heile året. Informere om årsmøtet seinast tre veker før møtet.Utarbeide framlegg til ny handlingsplan før årsmøtet. Utarbeide endeleg framlegg til budsjett før årsmøtet
Mars Avvikle årsmøte innan 15. mars. Delta på årsmøtet i IL Skarphedin.
April Idrettsregistreringa, frist 30.april.
Mai Innlevering av bilag for 1. tertial til rekneskapskontoret
Juni Evaluering av aktivitetane i vårhalvåret. Planlegging av aktivitetar i hausthalvåret. Gjennomgang av økonomien for 1. tertial
Juli  
August Informere om oppstart av aktivitet etter sommarferien
September Innlevering av bilag for andre tertial til rekneskapskontoret. Frist: 1. oktober
Oktober Gjennomgang av økonomien for 2. tertial og pr 31.aug
November Utarbeide framlegg til budsjett for komande år. Frist: 1. desember
Desember Evaluering av aktivitetane i hausthalvåret. Planlegging av aktivitetar i vårhalvåret

Ansvar og arbeidsoppgåver for styra i særgruppene

  1. Leggje til rette for aktivitet for medlemmene
  2. Økonomi
  3. Planlegge verksemda i idrettslaget m.a. ved hjelp av verktøya Handlingsplan og Budsjett

Ansvar og arbeidsoppgåver for kasserarar i særgruppene

  1. Ha oversikt over økonomien i gruppa i samsvar med styret sine prioriteringar
  2. Samle og ordne bilag for inntekter og utgifter i gruppa. Alle bilag for utgifter skal ha underskift av både leiar og kasserar, alternativt skal kasserar legge inn rekningar til betaling i nettbank mens leiar godkjenner.
  3. Levere bilag og bankkontoutskrifter til rekneskapskontoret etter kvart tertial eller oftare.

Ansvar og arbeidsoppgåver for sekretærar i særgruppene

  1. Skrive referat frå styremøte og årsmøte.
  2. Sende kopi av referat til eige gruppestyre, leiaren i IL Skarphedin, kontrollkomite og revisor.