Struktur for arbeidet i hovudstyret

Artikkelindeks

  1. Struktur for styrearbeid
  2. Struktur for arbeidet i hovudstyret
  3. Struktur for arbeidet i særgruppene

Struktur for arbeidet i hovudstyret i IL Skarphedin: Vedtatt på hovudtyremøte 09.03.2017

Ansvar og arbeidsoppgåver for hovudstyret

  1. Leggje til rette for aktivitet i undergruppene
  2. Økonomi
  3. Planlegge verksemda i idrettslaget m.a. ved hjelp av verktøya Handlingsplan og Budsjett
  4. Legge til rette for bruk av nettsidene www.skarphedin.no

ÅRSPLAN

Det leggast opp til tre faste styremøte i året:

Månad: Aktuelle saker:
Mars Ca 1.mars: Gjennomgang av rekneskap. Utarbeidde årsmelding for hovudstyret, samt handlingsplan for neste år. Planlegging av årsmøte. Diskutere saker til årsmøtet i Bø idrettsråd
Mars Siste veka i mars: Årsmøte IL Skarphedin. Alle styremedlemmer bør møte her.
September Ca 1.oktober: Gjennomgang av økonomien pr andre tertial
Desember Ca 1.desember: Gjennomgang av budsjettforslag for komande år for alle særgrupper.

Utover desse fastlagte møte, er det høve til å kalle inn til møte etter behov. Viser elles til lova § 18-3.

Ved ekstraordinære hendingar har særgruppene plikt å informere hovudstyret ved leiar som kallar inn til møte.

  • På fyrste møte etter årsmøtet, skal dato for møta fram mot neste årsmøte avtalast.
  • Det skal sendast ut innkalling i god tid. Sakene skal nummererast fortløpande innan kvart år, slik: SAK 2017-1, SAK 2017-2 etc
  • Det skal skrivast referat som sendast ut etter kvart møte.
  • Godkjenning av referatet frå siste møte er fast sak nr 1 på neste styremøte. Godkjente referat signerast
    deretter i møtet.
  • Signerte styrereferat settast inn i ein fysisk styreprotokoll og skannast/leggast ut på IL Skarphedin sine
    nettsider som pdf-fil.