Informasjon sesongen 2008-2009

Vi er nå godt i gang og nærmar oss slutten på ein spennande sesong der vi har heile 15 lag i aksjon, ca. 180 spelarar. Det er lenge sidan vi har hatt så mange lag i handballgruppa. Ikkje minst er det spennande å sjå korleis det nyopprykka damelaget vårt taklar utfordringane i 2. divisjon. Det er god stemning blant publikum på tribunen på alle kampane våre, og det er plass til fleire!

Denne sesongen har vi også eit enda større samarbeid enn før med naboklubbane våre i Skade og Ulefoss, og med spelarar ellers frå Sauherad, Nome, Seljord og Notodden. Dette gjer at vi ligg langt framme når det gjeld Midt-Telemark-samarbeidetJ

Tusse Sommarland Cup

Takk for nok ein kjempeinnsats under årets gjennomføring av Tusse Sommarland Cup! Denne turneringa betyr ALT for handballgruppas økonomi. I 2008 gav turneringa eit godt overskudd til klubbkassaJ Dato for Tusse Sommarland Cup 2009 er 12-14. juni. Vi ber om at dekkan set av denne helga alt nå!

Dugnader

I handballgruppa har vi to store 2 dugnadsjobbar der alle må delta. I tillegg til turneringa nemd over, har vi oppgava med å rydde stigar og vegar i Bø Sommarland før åpning av parken. Denne dugnaden utførast kvart år i mai.

Utfordringa til handballgruppa ifm. desse to dugnadane er å få ALLE foreldre/føresette til å delta. På turneringa i 2008 deltok ca. 130 foreldre/føresette og seniorspelarar, i tillegg måtte det leigast inn 30 personar for å få nok. Kvart år manglar vi folk til ulike jobbar - i teorien har vi nok foreldre/føresette, men det er dessverre nokre som sjeldan deltek. Fjorårs turneringa gav ei ekstra utfordring i forbindelse med at det var lagt nytt grasdekke i Telemarkshallen. Dette kunne det ikkje spelast handball på og vi måtte leige inn 6000 m2 golv frå Oslo. For transport og hjelp til legging kosta dette oss ca. 200 000 kroner.

I tillegg til dette har vi folk som gjennom sesongen har ansvaret for arrangering av seriekampane i Gullbring.

Loddsalg

Som tidlegare år sel vi lodd for Norges Håndballforbund. Kvar spelar får eit antal lodd som dei må selje. Klubben for også ei inntekt på loddsalget.

Økonomi

Pengane frå turneringa vår er hovedinntekta til handballgruppa, i tillegg er pengane frå ryddedugnaden i Bø Sommarland og treningskontingenten (sjå eigen sak under) viktige. Vi sel også Ullmax-produkt (ullundertøy) gjennom heile sesongen. Ei viktig inntekt er også sponsormidlar, hovedsponsor er Sparebanken Sør. Dei største utgiftene gruppa har er leige av Gullbring til trening og seriekampar, lønn til dagleg leiar/sportsleg ansvarleg og trenarar, påmelding av lag i serien, deltaking på turneringar, utstyr, dommarar.

Administrasjon

Aktiviteten veks og det krev større innsats ved drift av gruppa. Lars Jørum er sportsleg ansvarleg og i frå 15. november har han også vore dagleg leiar, med bl.a. ansvaret for Tusse Sommarland Cup. Liva Espedalen er leiar i styret for handballgruppa. Ho har også vore leiar av hovedstyret i Skarphedin siste året.

Trenarutvikling / Aktivitet i laga

Vi har mange gode trenarar til laga våre som alle gjer ein stor innsats. Vi ønskjer å gi dei sjanse til eigenutvikling og jobbar for å lage eit godt trenarmiljø i gruppa.

Vi vil også oppfordre dei enkelte laga til å delta på aktivitetar som kan vera med på å gi laget ei sportsleg utfordring og skape godt sosialt miljø. Kvart lag kan søke om midlar til tiltak.

Kvart år deltek alle laga våre frå og med 10 år på ei felles turnering. I mai 2008 gjekk turen til Fredrikstad Cup, og siste helga i mai i år skal vi til H2O Storhamar Cup på Hamar.

Treningsdressar / Drakter

Det er bestilt inn treningsdressar som leverast til oss i februar 09. Styret ønskjer at flest muleg av spelarane våre skal ha ein slik dress, og vil derfor tilby dressen til ein svært redusert pris. Det kjem eigen informasjon om dette.

I desse dagar får vi nye speledrakter til alle laga våre.

Lag

Handballgruppa har denne sesongen lag for rekrutt(7, 8 og 9 år), J10 , J11(2), J12, J13, J14, J16, J18, G11, G12, G13, damer (2.div.) og herrer (3.div.). Vi har felles J18- og J16-lag med Ulefoss og G13-lag med Skade. Ellers er det mange spelarar frå Sauherad, Lunde, Ulefoss, Seljord og Notodden på dei andre laga. Dette er ei styrke for gruppa ved at vi får større rekruttering og sterkare/stabile lag.

Trening i Gullbring

Vi skulle gjerne hatt meir treningstid til laga våre, men Gullbring har ikkje fleire ledige timar. Dette er eit stort problem for oss, i tillegg til at vi ikkje kan bruke hallen i desember månad. Men det er lys i tunnelen - alle som har lest Bø Blad har sett at Bø vgs. har planar om å bygge ny idrettshall ved skulenJ

Treningskontingent for sesongen 2008-2009

Treningskontingenten reknast bl.a. ut frå treningstimar i Gullbring. Styret har bestemt satsar for denne sesongen slik:

Lag Kontingent Rabatt Betaling
Rekrutt, J10 Kr 300

Rabatt for sysken:

Minus kr 100 for barn nr. 2.

Minus kr 200 for barn nr. 3

og fleire.

Treningskontingenten

blir utsendt med eigen

giro i februar.

J11, J12, J13, J16, J18, G11, G12, G13, Herrer Kr 400
J14, J15 Kr 500
Damer Kr 750

Info. / internett / mail / telefon

Gruppa har eigne nettsider på www.skarphedin.no, sjå under 'Handball'. Her ligg det informasjon om navn, telefon, e-mailadresse på ulike roller i klubben. Det er link til 'klubbdagbok' som viser alle Skarphedins kampar.

Kvart lag har si eiga nettside. Her er det lagt inn link til terminliste og resultat for laget, samt tabellplassering. Resultat frå kampane i serien og mykje anna handballstoff kan ein også finne på www.handball.no. Søk under 'Sør-Norge', 'Resultater og tabeller', serie: 'Regionsserien'/'NHFs serier'.

Mailadressa til handballgruppa v/Lars: handball@skarphedin.no

Telefonnr. til Lars: 93221528

Vi håper på mykje handballmorro og

oppfordrar alle til å lage stemning på tribunen J

Bø, februar 2009.

Helsing frå styret i Skarphedin Handball.