Skarphedin fotball som kvalitetsklubb

Det blir oppstartmøte for kvalitetsklubb

mondag 21.nov 2016 kl 18:00 på Sandvoll

Alle som skal delta i gruppene stiller. Fra NFF Telemark stiller Nils Rune Midtbøen og Aage Flatland og vil informere oss om arbeidet vidare.

Andre interessserte er også velkomne. Det er plass til fleire i gruppene!

Skarphedin Fotball er nå Telemarks største klubb med 44 lag og nærmare 500 spelarar, klubbtrenarar og tillitsvalde. Me har også fylkets klart største fotballfritidsordning (FFO) med over 80 deltakarar. All denne aktiviteten og frivilligheten er me stolte av, men den set også krav til klubben som organisasjon. Me innser at vi må bli betre på alt fra struktur og organisering til å skape ferdigheter og mestring på lag- og individnivå. Ikkje minst ynskjer me ein svært høg trivselsfaktor for yngste til eldste spelar.

Styret har derfor meldt klubben på til å bli sertifisert som Kvalitetsklubb nivå 1. Kvalitetsklubb er eit konsept utvikla av Norges Fotballforbund og som er eit verktøy for klubbutvikling.

Vi har ikkje tenkt å stresse oss igjennom dette arbeidet, men bruke tida godt fram til påske. Etter sesingstart veit vi av erfaring at det er vanskeleg å få gjort denne type utviklingsarbeid. Førbels målsetting er at vi skal vera ferdige innan 1.november 2017.

Du finn meir om Kvalitetsklubbkonseptet på NFF sine nettsider.